Om oss

Garden og folka

Lofthus i Hardanger

Alvavoll ligg på ei morenehøgd rett ovom Lofthusbygde i Hardanger, og navnet tyder på at dette har vore ein kultstad med guddommelege rørsler. På garden er det funne mange gravrøyser og ein runestein frå år 300, “Opedalsteinen”.

På garden vert det i dag produsert eple, plommer, pærer, honning, saft og sider. Me tek imot grupper på vitjing og smaking.

Me er stolte av garden, og legg vekt på å formidle ekte opplevingar med gardsbesøk og sidersmaking gjennom heile året.  Me har faste tider i sommarsesongen, ellers ope for grupper.

Den gavmilde naturen

Det særeigne og gode klimaet langs Hardangerfjorden gjev optimale vilkår for å dyrka eple og laga sider av høg kvalitet.

Munkane var dei fyrste

Munkane var dei fyrste fruktdyrkarane her i landet. Cisterciensarmunkar kom til Opedal og lærte hardingane å dyrka frukt allereie på 1100-talet.

Munkane vurderte klimaet i Hardanger utifrå den naturlege vegetasjonen. Her voks hasselnøtter, som tydde på gode vilkår for kravfulle vekstar. Munkane var opptekne av byggeskikk, hagebruk og god, velsmakande mat og drikke.

Produksjonen

Mikrosideri

På Alvavoll fokuserer me på å  produsere kvalitetsfrukt til sal i butikk (konsumfrukt), men beheld dei utsorterte epla sjølve. Dette gjev oss høg verdiskaping, høg kvalitet og høg berekraft i produksjonen på garden.

Produkta frå Alvavoll er ureiste. I tillegg til eple og sider, produserer me moreller, plommer, pærer, honning og eplemost.

Bildekarusell