My Wordpress site

Opplevingar og gardsutsal

Gardsutsal

Alvavoll har løyve til å produsera, skjenka og selja Hardangersider, eplesaft, frukt og honning frå eigen produksjon. I sesongen sel me også honning og eplemost frå boden på kaia i Lofthus sentrum.

Gardsutsalet er ope mellom kl. 10 og 18 måndag til laurdag. Sundag stengt. Ta kontakt på telefon 938 34 169

Sidersmaking

Me tek imot grupper på sidersmaking heile året. I sesongen startar me med å gå gjennom frukthagane.

Når me kjem attende til garden, er det gjort klart til smaking på fleire sortar sider, ev. nypressa eplesaft om ein vil ha noko utan alkohol.

Me kikkar også på produksjonsanlegget og pratar om historie og kultur.

Tidsbruk: Om lag 90 minutt. Minimum 10 personar. Pris 435 kr per person.

FINGERMAT:
Me kan i tillegg servera fingermat (ost/spekeskinke) til 275 kr per person (lett lunsj), samt oppgradert fingermat til 325 kr per person (fullt måltid).

Hagevandring

I sesongen (april til oktober) tilbyr me hagevandring saman med smakinga.

Me fortel om fruktdyrkinga på garden og  korleis den har utvikla seg frå dei fyrste spreidde forsøka da munkane kom til Alvavoll og til dagens  moderne og berekraftige næring. 

Gjestane får også forklaring på kvifor frukta og sideren frå Hardanger er av så høg kvalitet.